Seriestemne på Byrkjelo

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Mai 2022


Vi håpar mange vil stille på seriestemnet på Byrkjelo torsdag 2. juni kl 18.00.

Øvingar, tidsskjema og funksjonærar står på plakaten over.

Bana er under restaurering, så lengde får vi ikkje ha.  Indre bane er også under arbeid, så dermed må vi tilpasse oss dette.

Ver ute i god tid med å melde deg på, det gjer du ved å skrive på startkort som ligg på tribna.  Fint om laga sender førehandsmelding til underteikna på epost dagfinn.nyhammer@enivest.net eller mobil 41227968 om deltakarar, då kan vi ha startkorta klare, og spare tid.  Startkorta må vere påskrivne før kl 17.45.

Denne gongen skal vi også nytte dei nyutdanna dommarane frå dommarkurset i mars. Dei må ha nokre røynde med seg, men vi har ikkje bruk for så mange av dei vi vanlegvis brukar, dersom vi ikkje får for mange forfall.

Velkomne til årets første banestemne på Byrkjelo!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.