Svinestranda Opp - Trim-klasse også i år

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Jun 2022


SVINESTRANDA OPP SØNDAG 26. JUNI:

Trimmarane får også sjølvsagt tilbod når vi arrangerer Svinestranda Opp.  Dei kan bruke den tida dei vil, og området egnar seg godt for familietrim, slik tre generasjonar Sægrov-Djupvik viser under fjorårets arrangement!

Trimmarane har 3 alternativ, der alle registrerer seg på Austrheimsstøylen, før eller etter turen.

Alternativ I: Ta turen frå sentrum, gjennom Trivselsskogen, og til Austrheimsstøylen.  Registrer deg når du kjem opp.

Alternativ II:  Ta turen frå Austrheimsstøylen til toppen av Svinestranda.  Registrer deg på Austrheimsstøylen.

Alternativ III: Køyr opp på Kleivane, der er det enkelt og greitt å parkere, og ta turen til fots til Austrheimsstøylen.  Registrer deg der som trimmar!  Er du litt sprek, så kan du halde fram turen til Svinestranda.

Alt dette gjev deg sjanse til å vinne ein pengepremie på kr. 1000,-, som vert trekt mellom alle som deltek på Svinestranda Opp (konkurranseløparar, trimmarar og funksjonærar).  Einaste vilkår:  Du må vere på Austrheimsstøylen når vi trekkje premien, ein gong mellom kl. 14.30 og 15.30.  Der er også nokre gåvepremiar som vi trekkjer mellom trimmarane.

Startpengar:  kr 50,-.  Familie (foreldre + born under 14 år, eller besteforeldre + barneborn under 14 år) kr. 100.

Og:  REGISTRER DEG PÅ AUSTRHEIMSSTØYLEN HOS TRIMGRUPPA V/ DAG APALSET :-) 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.