Deltakarinformasjon for NM Gloppen Halvmaraton

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Sep 2022

Ragnhild frå Sandane i fint driv over Storebrua i fjorårets halvmaraton

    Informasjon Gloppen Halvmaraton 2022

 

  • Det vert ingen spesielle Covid-19-reglar i år.  Men generelt gjeld likevel at ein tek omsyn, og ikkje stiller opp om ein har mistanke om at ein kan vere korona-smitta.

 

  • Parkering: Ved Trivselshallen (tilkomst Gotavegen v/ Bunnpris).  Også parkering i sentrum. Det blir ikkje lov å parkere i start/målområdet.   Skilt og parkeringsrettleiar ved Bunnpris

 

  • Start, mål og sekretariat vert ved STIL-stova, som ligg ved Idrettsplassen i sentrum (Firdavegen)

 

  • Garderobar med toalett finn du i Trivselshallen (100 m frå Idrettsplassen).  Garderobe nr 6 er for menn, garderobe nr 5 for kvinner.  Der er også toalett i STIL-stova, kjellaretasjen, og 2. etg

 

  • Påmelding:  Alle skal vere påmelde innan fristen.  Startnummer m/brikkerog nåler er pakka i konvolutt som vert utdelt i sekretariatet før start.  Sekretariatet er ope frå kl 10.00.  Startliste med nummer ligg også på EQTiming NM/Gloppen Halvmaraton/NM Halvmaraton 2022 (eqtiming.com)

 

  • Start: 
    1. Kl 13.00 for dei som ønskjer å starte tidleg, eller har oppgjeve eit antatt sluttid på + - 2 timar
    2. Kl 14.00:  Hovudstart (fellesstart)

 

  • Løypa:  Starten: Løypa går i Firdavegen, ned mot krysset til FV615. Ledebil framfor hovudfeltet.
    1. Tilbake mot mål:   Ein følgjer gata tilbake, i krysset ved Intersport.   Det er ikkje lov å kutte inn mot hjørnet av bygget, slik ein har kunna gjort tidlegare år.
    2. Løypa er kontrollmålt i haust , og er sertifisert nasjonalt og internasjonalt.

 

  • Startnummer:  1 – 100 for tidleg-startande, 101 og oppover for hovudfeltet. Dei som stiller i NM-klassen har svarte siffer, dei som stiller utanfor NM har raude siffer.  Det vert også «startnummer» som viser klasse, det skal festast på ryggen.

 

 

  • Premiering: 
    1. NM-medaljer i junior-, senior- og veteranklassane
    2. Premie til beste tid i kvar klasse, i eller utanfor NM Halvmaraton 
    3. Premie til beste dame- og herre-tid
    4. Premiar uttrakt på startnummer, m.a. overnatting/middag for 2 personar på Gloppen Hotell

 

 

  • Drikkestasjonar: I løypa: Etter ca 7, 10 og 14 km, og i mål.   Eigne drikkeflasker kan leverast inn, må merkast, og blir tekne med til stasjonen på Rygg (7/14 km) der dei blir plassert på eige bord. Løparens eige ansvar å finne flaska si!

 

 

  • VIKTIG: Der er sett restriksjonar på biltrafikken i løypa, men det vil i enkelte deler vere trafikk.  VER DIFOR OBSERVANT PÅ TRAFIKKBILETET UNDERVEGS.  SJØLV OM DET KØYRER LEDEBIL FRAMFOR DEI FREMSTE, ER AVSTANDANE STORE TIL DEI SOM KJEM BAK.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.