Gravferd for Dag Fosstvedt i dag

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 23. Sep 2022

I dag har vi teke farvel med ein nestor og legende i Fjellhug/Vereide il, Gloppen FIL, og i fleire andre organisasjonar i Gloppen.  Dag Fosstvedt døydde torsdag 15. september, 95 år gamal, og vart gravlagd i dag.  
Dag var lærar på Sandane skule fram til han vart pensjonist.  Ein flott og god lærar for barneskuleelevane, er skussmålet frå både tidlegare elevar og  foreldre.
Vi andre vil kanskje minnest Dag mest som den gode idrettsadministratoren, med ukueleg pågangsvilje og -mot, og som stadig var i aktivitet for dei to idrettane han brann for: Friidrett og orientering.  Han var ein ivrig organisator i mange år i o-gruppa i Fjellhug/Vereide il, samstundes som også jobba for friidretten i laget.
Det er likevel friidretten i Gloppen Friidrettslag han har brukt mest timar på.  Som redaktør av lagsavisa Gloptimisten, var han stadig på farten, enten for å "piske" oss andre til å levere stoff, eller på jakt etter annonser.  Og så måtte han sjølvsagt lage sitt eige kryssord i lagsbladet.  Utan Dag hadde neppe Gloptimisten runda 30 år, og vorte eit interessant og lesverdig blad i alle heimar i Gloppen.
Dag var ikkje nokon stor tilhengar av avansert data, men som pensjonist lærde han seg dei mest nødvendige grepa.  Det manuelle arbeidet følte han sikkert han hadde best kontroll med, og lister og startkort utfylte på gamlemåten var trygt og godt.
Dag var ein liketil, ærleg, deltakande og trygg friidrettsven.  Han var bestemt, men venleg.  Han brann for å få flest mogeleg med på veteran-friidrett, og mange har fått uventa telefonar med spørsmål om å springe ein stafettetappe i Naustdal, Olden, og Breim.  Ein måtte opp med gode argument for å sleppe unna!
Veteranfriidrett på bane betydde også mykje for Dag, og då spesielt veteranserien. Det var viktig å få nok resultat, og å få resultat i alle  øvingar.  Mange har nok måtte prøve på litt uvante distansar for å tilfredsstille Dag sine ambisjonar for veteranserien.  
Mykje kan seiast om Dag Fosstvedt, men alle måtte like denne mannen. Han hadde også energi til å bruke av fritida i Røde Kors, og andre organisasjonar som var til hjelp for folk som hadde behov. Sjokoladeklubben for dei eldre på Omsorgssenteret har alle høyrt om.  Musikk og sjokolade skapte trivsel mellom bebuarane.
Vi som har kjent Dag i mange, mange år, og har hatt gleda av å jobbe i organsisasjonslivet saman med han, har lært utruleg mykje av han.  Vi vil sakne denne alltid joggande, smilande, blide, sympatiske, energiske og omgjengelege mannen!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.