NM Gloppen Halvmaraton - ein flott løpsdag i regi av Fjellhug/Vereide il

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 3. Okt 2022


NM Gloppen Halvmaraton vart ein flott dag for alle løparane som kom til Sandane.  252 var påmelde, nokre få stilte ikkje til start, men i alle fall rundt 225 starta på Idrettsplassen.  Med det fine oktoberveret (som vi alltid plar ha på dette arrangementet), vart dagen ei oppleving for deltakarar, publikum og arrangør.

Beste tid mellom herrane hadde Frew Zenebe Brkineh, Sandnes, med sluttida 1:06:35. Mellom kvinnene var det Adele Norheim Henriksen, Gular som hadde beste tid, med 1:16:46.

Lokale deltakarar stod også på startstreken. I NM-klassen var eks-GFILar Eigil Instebø, Førde langt framme, og totalt hadde han 23. beste tid (1.17,38). Tobias Fuglestrand hadde plasseringa bak Eigil, tid 1.18,33. Mathias Nesgård, Fjellhug/Vereide il var totalt nr 31.

Utflytt gloppar Asta Ellingvåg, Sp.kl Vidar vart nr 4 totalt mellom kvinnene, med den gode tida 1.22,23, medan Irene Svidal, Fjellhug/Vereide vart totalt nr 11, og nr 2 i klasse KV40-44, med tida 1.29,49  Her kan ein nemne at Johanna Ganc-Petersen, Fjellhug/Vereide stilte utanfor NM-klassen. Ho fekk tida 1.29,51, og ville fått ein suveren norgesmeistertittel  i KV45-49 om ho hadde meldt seg i NM-løpet.

Fjellhug/Vereide vil takke alle som var med å hjelpe til! :

- Drikkestasjonane, der Jens Christian Andenæs gjorde ein flott jobb, både med å skaffe mannskap, og alt det praktiske med bord, drikke og logistikk

- Trafikksikring, som hadde Kirsti Bjotveit som dyktig og sikker leiar.  Ho hadde eit stort mannskap som organiserte i vegkryssa langs løypa.  Tryggleik stod på topp i dette arrangementet, og den vart prima ivareteken. Olav Hjelmeset AS må også nemnast: Det var eit stort arbeid som måtte gjerast for å skilte om vegane på Sørstranda.

- Parkering og Arena:  Else Margrethe Larsen hadde ansvar for at stadionområdet skulle ta seg fint ut, og at reklamesegl og beachflagg skulle profilere sponsorane våre på best mogeleg måte. Ein viktig jobb, som vart godt løyst, både på arena og parkeringsplass.

- Kiosk:  Eli Evebø er ein person å lite på når det gjeld kiosk. Under halvmaraton-arrangementa er det forholdsvis lite sal, men kiosken må vere der.  Med sine to juniorar fiksa Eli jobben!

- EQ Timing og tidtaking var sett bort til Jølster il med Johnny Solheimsnes i spissen.  Med desse sunnfjordingane føler vi oss alltid trygge på at resultata kjem trygt på plass. 

-Dei viktigaste personane på eit friidrettsstemne kan ein nesten seie er speakerane.  Utan god informasjon om stilling i løypa og ved målpassering, blir stemnet mindre interessant. God jobb av Per Rune Vereide og Harald Slettvoll.

- Det er også mange andre funksjonar og arbeidsoppgåver på eit slikt arrangement. Backup-tidtaking med Svein Hauge i førarstolen, sekretariat med Margit Nyhammer og Karoline Bjerkeset, medaljeutdeling med Karoline Endal Husevåg i tet for dei bunadskledde jentene, Birger Berge i ledebilen, Kenneth Fure i følgjebilen, og mange fleire.  Funksjonærlista hadde omlag 60 namn, alle kan ikkje nemnast med namn her, men absolutt alle var like viktige!: TAKK TIL ALLE SAMAN!  Som kona til stemneleiaren sa det laurdag kveld, etter at alt var unnagjort: "Det er litt av ein kjempeflott gjeng vi har som funksjonærar". Stemneleiaren var fullstendig samd!

Takk også til dei som ikkje er så direkte knytta til friidretten, men som var med å hjelpte til: Gloppen Janitsjar, leiar i Vestland Idrettskrets Nils R Sandal, Gloppen Røde Kors Hjelpekorps, teknikar Geir Inge Tystad, Accountor som stilte med 5 funksjonærar ekstra, Sverre Nesdal Aske (snekkarhjelp) , Vidar Nyhammer (foto), jurymedlemene Reidar Moldestad og Gunnar Hole frå Breimsbygda.

Vi må også få takke Gloppen Kommune!  Dei har lagt seg i selen og gjort mykje for at Idrettsplassen og området rundt STIL-stova skulle vere mest mogeleg presentabelt. Godt jobba!  Vidare har dagleg leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins, Asgeir Årdal, vore svært hjelpsam med førearbeid til NM Gloppen Halvmaraton.

Ikkje minst går ei stor takk til sponsorar og samarbeidspartnarar!  Utan støtte frå det lokale næringslivet trur eg ikkje at vi kunne teke på oss eit stemne av NM-storleik! Store og litt mindre store sponsorar har vore gode å ha i ryggen.  Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Energi (SFE), Frydenbø, Accountor, Wattn, BANO og Olav Helmeset AS, er tungvektarane i støtta, men uvurderlig støtte har vi også fått frå NOMIL, Sande Settefisk, Gloppen Hotell, Repix, Coop Extra, Ramirent, Påldtun, samt gåvepremiar frå Tystad Fruktgard, Jon Slagstad, Sølvane Gard, Gardsbrenneriet, og Olav Aabrekk (Gloppahytta).

Til slutt nokre ord om medaljeutdelinga, som fekk litt pepar, i alle fall i Kondis.no.  Vi var ikkje obs nok på at det er ein praksis på at det er dei totalt tre beste løparane i kvinner og menn som skal ha NM-medaljene.  Vi delte nok ut medaljer etter litt gamal vane, med gull, sølv og bronse til juniorane, det same til seniorklassen, og til veteranane.  Det finst, etter det vi i ettertid har erfart, ein regel om at i maratonmeisterskapa går dei gjevaste NM-medaljene til dei med best tid, uansett klasse.

Vi har beklaga til dei som ikkje fekk dei medaljene dei skulle ha der og då, og har sjølvsagt lova at vi skal rette det opp ved å bestille inn deira rettmessige medaljer. Vi håpar og trur vi får tilgjeving, og at dei kjem att ved neste korsveg!

Og heilt til slutt:  Stemneleiaren vil takke dei to andre i hovudkommiteen for god jobb og flott samarbeid! Utan Ingrid Gimmestad (nestleiar) og Harald Slettvoll hadde dette NM-arrangementet ikkje vorte så bra som det vart!

                                                                 Dagfinn Nyhammer; stemneleiar


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.