Siste friidrettstreninga i 2022

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Des 2022


Då har vi hatt siste innetreninga i hallen på denne sida av nyttår.  Neste trening blir tirsdag 10. januar.
Vi avslutta med stil: Først 60 m med tidtaking, og deretter to omgangar i lengde der vi målte og noterte resultat. Og heilt til slutt: Kosestund med is og pepparkaker på tribunen

I alt 36 born har vore med på dei 10 treningane i haust. Nokre har vore med på alle 10 (Ea og Leo), nokre har vore med på ni ( Gustas, Hans Fredrik, Sigve, Even, Kamilla, Kerem, og Adine). Resten har vore med frå 2 til 8 treningskveldar, og vi har jamt over vore 25 på treningane.
Vi har hatt god hjelp av foreldre og trenarar.  Tusen takk til Emilie Engelbrektson , Guro-Johanne Hole Hervik og Johs. Gjengedal! Vidare takk til foreldre som har vore svært god hjelp på treningane: Roger Aa Djupvik  , Julie Kristin Lothe, Vidar Nyhammer, Olav Fuglestrand, Ole Dan Fuglestrand, Arild Horntvedt, Sondre Louis Gjelsten, Irene Svidal, Anne Elisabeth Mardal og Abshir Ibrahim Mahamud. Håpar vi ikkje har gløymt nokon; uansett takk til alle!
Så minner vi om sprintstemnet (60m og 60 m hekk) som går i hallen på Skei 27. desember, og Trivselshalleikane i hallen laurdag 14. januar.  Sjå annan stad her på FB-sida til Fj/Vereide.
GOD JUL TIL ALLE FRÅ FRIIDRETTSGRUPPENE I FJELLHUG/VEREIDE IL, STIL OG IL BRODD!

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.