Mange gode støttespelarar til Svinestranda Opp!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 23. Mai 2016


Vi har mange gode annonsørar og støttespelarar når det gjeld å få til eit vellukka Svinestranda Opp. Det er kjekt å legge ned så pass mykje arbeid i arrangementet nå vi blir møtt med velvilje gong etter gong frå dei vi spør om krone-støtte!

Dei største sponsorane (BANO, SPAREBANKSTIFTINGA, ACCOUNTOR, NORDFJORD LAKS) har fått eigen omtale på hovudsida framanfor (spalta til høgre for innlegga), og tusen takk til dei for deira støtte! Vi vil også svært gjerne framheve dei andre som er med, og også takke så masse for støtta:


Advokatane Lothe, Mardal og Gjengedal har kontorfellesskap i sentrum, og driv med det som naturleg høyrer inn under advokatfeltet. I tillegg må også nemnast at dei har hovudandelen av eigedomsmeklinga i Gloppen.

Huseiernes Landsforbund er representert på Sandane, der Jan Erik Mardal er den som personifiserar forbundet i vårt distrikt.

Tannlege Øyvind Seim er ein som alltid stiller opp for idretten i Gloppen. I tillegg til at han er med i Fjellhug/Vereide si skigruppe, er han ein trufast støttespelar for laget elles!

Entreprenør Olav Hjelmeset har mange entreprenør-prosjekt i Gloppen, og han er med å støttar idretten på god måte. Olav Hjelmeset har sjølv vore aktiv utøvar i friidrett, og høyrer til i den idrettsleg gode Hjelmeset-slekta, med m.a. skiløpar Odd Bjørn.

Bakkeligrenda Barnehage er ein av fleire barnehagar på Nordstranda. Den ligg høgt og fritt i Bakkeli på Vereide, og Else & co har eit flott tilbod til dei yngste! Ein flott sponsor til Svinestranda Opp frå ei bedrift med framtidige motbakkeløparar!


Takk også til Sparebanken Sogn og Fjordane og G-sport, som også er gode samarbeidspartnarar for Fjellhug/Vereide IL!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.