Kjem fjorårsvinnarane?

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 8. Jun 2016

Ja, det burde vere store sjansar for det. Eli Anne Dvergsdal skal laurdag 18. juni delta på NM i motbakke på Molden Opp i Luster, og vil kjenne litt på det løpet før ho bestemmer seg endeleg. Kjenner vi ho rett, ser vi ho på Sandane dagen etter!

Sindre Hoff tel på knappane, og er positiv til deltaking. Han er nærast på heimebane her i Gloppen, og dersom han har høve, reknar vi også med han.

I potten ligg kr. 4000 til vinnarane, og stiller desse opp er dei nok i favorittklassen. I tillegg har vi sett opp kr. 2000 i bonus dersom det vert rekord. (Rekordane er det Jon Tvedt med 51,48 (2008), og Eli Anne sjølv som har, med 59,41 frå i fjor).



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.