KM terrengløp 9. april

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Feb 2017

KM 2016: Magne Tystad (foto: Svein Hjelmeset)

Fjellhug/Vereide IL arrangerer også i år KM terrengløp i den velkjende barkeløypa i Åsen på Sandane. Arrangementstidspunkt er søndag 9. april, kl 15.00. Terrengløpet er samstundes løp nr. 2 i Nordfjordkarusellen.

Finare trasè skal det godt gjerast å finne, med underlag av bark store deler av løypa. Ein runde i løypa er 1800 m, det er distansen for 17/18 år og junior, samt kvinner senior og veteran. Menn alle klassar spring den doble distansen. 13- og 14-åringar spring ca 600 m, medan 15 og 16 spring 1200 m.

Det vert også som vanleg eit mini-løp for dei under 13 år, med deltakamedaljer til alle. Innbyding her


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.