Lars Agnar Hjelmeset med godt hinderløp

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Mai 2017

Sparebankleikane er i gang. Fredagen byr ikkje på så mange øvingar, men det vart fin-fine resultat i det som vart arrangert.

Lars Agnar Hjelmeset(biletet), Nittedal,og med røter på Hjelmeset, sprang ein god 2000 m hinder, og kom inn på 6.05,91. Dermed nådde han eit kvalifiseringkrav for OL for 16-åringar med god margin. Noreg skal sende 6 deltakarar til dette OL, og det er dermed ikkje klart enno om Lars Agnar vil vere ein av desse. Men med 10 sek. under kvalifiseringskravet, skulle sjansane absolutt vere der. Vi kryssar fingrar!

Søstera, Marthe Johanne (15) fekk også ei god tid på 1500 m; 5,05,61.

Fjellhug/Vereide il hadde ein deltakar med på fredag; Håkon Fjellestad. Han fekk 3. plass i slegge G17 (5 kg slegge), med 50,13 m.

Resultat frå dagens stemne finn du her (resultata vert oppdaterte etter kvart som stemnet går, i morgon og på søndag):

http://webres.andro.no/gloppen/sparebankleikane/20...


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.