Bilete på heimesida

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Sep 2018



Det finst varsomheitsplakatar for bruk av bilete på internett og media elles.  Stort sett går det på å vise omtanke på kva som vert publisert, og det gjeld spesielt bilete av mindreårige.  Idrettsforbundet har laga nokre retningslinjer for dette, som de finn på vedlagte fil.  Samtykkeerklæring bilete.pdf

For heimesidene til Fjellhug/Vereide har vi prøvt å ha ei forsiktig linje når det gjeld publisering av nærbilete og oppstilte bilete, der vi ikkje har spurt om lov til publisering.  Bilete av aktivitetar, konkurransar og lignende, der ungane er i "full fart" er litt vanskelegare å praktisere samtykke i.  Vi har til no heller ikkje fått negative tilbakemeldingar frå nokon vedrørande biletbruken på heimesida vår. På dei minste har vi som oftast praksis i enten å ikkje skrive namn, eller bruke berre førenamn.

Ei heimeside utan bilete er vel heller ikkje ønskjeleg; det blir fort litt kjedelege greier. Bilete er også viktig historisk materiale. Vi har imidlertid respekt for dei som av ein eller annan grunn ikkje ønskjer bilete av seg på heimesida, og vi reknar også med at foreldre eller andre seier frå dersom dette ikkje er ønskjeleg. 

Samtykkeerklæring bilete hadde vore flott om vi kunne fått i retur.  Det kan gjerast på epost, eller rett og slett at de sender nokre ord på epost om at det er greitt at idrettslaget får bruke bilete av dei håpefulle på laget sine internettsider, årsmeldingar og anna som vi publiserer.  Epost: dagfinn.nyhammer@enivest.net  



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.