Svinestranda Opp - Innbyding

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Mar 2019


                               Innbyding til Svinestranda Opp

Arr.dato: Søndag 23. juni, med hovudstart kl 12.00, i Sandane sentrum.

Mål for alle er toppen av fjellet Svinestranda, 1074 m.o.h., distansen er er ca 7 km lang.

Informasjon på heimesida: http://www.fjellhugvereide.no/p/8037/svinestranda-opp 

Praktisk info:

· Svinestranda er også i år eit løp i SFE Motbakkekarusell. I år er der 4 løp, der ein må vere med på tre for å telje i samanlagtkarusellen (Svinestranda, Trollenykjen, Vetenløpet og Troda (Davik))

· Konkurranseklassen: Alle som startar frå Sandane skal ha ryggsekk på min. 2 kg

- Startkontingent: kr. 300,-/100,- (Hovudløp/3-km)

· Startkontingent etterpåmelde: kr. 400,-for hovudløpet.  

- Startpengar elles: Kr. 100,- for dei som er under 15 år, og kr. 50,- for mosjonistar/trimmarar utan tidtaking.

- Eingongslisensen er kr. 40,- i dette løpet.

· Påmeldingsfrist: Onsdag 20. juni. Etter påmeldingsfrist: kr 100,- i tillegg for konkurranseklassane

https://mosjon.friidrett.no/participant/arrangement.aspx?id=266879


· Kontonummer: 3705.33.01917

· Start 14 år og yngre (3 km) er på Austrheimsstøylen, og starten går kl 12.00

· NB! Start for M/K veteran 60 år og eldre går frå Sandane sentrum kl 11.30

· Hovudstarten elles er kl 12.00 frå Sandane sentrum

· Mosjonistar har tre alternativ: a) Frå Sandane til Austrheimsstøylen eller toppen, b) starte på Austrheimsstøylen og gå til toppen, eller c) Parkere på Kleivane og gå til Austrheimsstøylen, evt. til toppen. Alle mosjonistar registrerer seg på Austrheims-støylen, - enten ved passering eller start.

· Premieutdeling ca kl 15.00, på Austrheimsstøylen. NB: Ein premie verdi kr. 1000,- skal trekkast til slutt mellom løparar, mosjonistar og funksjonærar.  For å få premien, må vinnaren vere til stades under trekkinga.

· Før start: Klede vert bringa frå startområdet til Austrheimsstøylen.  

  • Etter løpet/premieutdelinga vert det køyrt bilar frå Austrheimsstøylen til sentrum


SVINESTRANDA OPP ER OGSÅ I ÅR EITT AV FIRE LØP I SFE MOTBAKKEKARUSELL.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.