Årsmøte i Fjellhug/Vereide IL

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Apr 2020

I mangel av bilete frå årets årsmøte, som gjekk via web, kan vi gå 16 år til bake, til 2004.  Sigmund A Vereide var leiar på den tid.  Var det skulehuskjellaren på Vereide som var møteplass?


Det vart eit litt annaleis årsmøte i Fjellhug/Vereide IL denne gongen.  Reglane rundt koronaviruset sette ein stoppar for å møtest i same rom, og dermed vart årsmøtet avvikla over web.  dNaturleg nok vart det ikkje same deltakinga, sidan det er litt meir plundrete å koble seg opp for mange, men likevel deltok 10-12 medlemer på det virtuelle møtet.

Det var stort sett dei vanlege obligatoriske sakene som stor på saklista, og i tillegg skulle lovnorm og organisasjonsplan handsamast.

Årsmeldingane frå Arbeidsutval og grupper var fyldige, og har lege ute på nettet i over ein månad.  Arbeidet i gruppene er prega av dei ytre omgjevnadane, som snø (skigruppa), manglande anlegg (friidrett), og oppslutnad.  Handballgruppa var eit positivt døme på det siste, med god deltaking på treningane.

Økonomien i laget er god, og rekneskapen vart gjort opp med eit solid overskot. Mykje av det har med utbetaling av tilskot som ikkje det er ført utgifter på i 2019.  Likevel må det seiast at både Økonomigruppa og særgruppene har jobba godt, også økonomisk.

Medlemskontingent og treningsavgifter vart vidareført med same satsar som i 2019.

Det er, etter pålegg frå sentralt hald, utarbeidd ny lovnorm for idrettslaget. Den vart gjennomgått for årsmøtet. Største endringa er vel at ein no må ha ei kontrollnemnd i idrettslaget, i staden for revisorar.

Organisasjonsplanen vart også handsama på årsmøtet. Den finn du på heimesida, etter at den er oppdatert etter årsmøtet.

Etter innsendt forslag vart aktivitetane i Barneidrettsgruppa diskutert.  Det var kome inn ønskje om at ordet "tyrim" utgår som nemning, og at ein erstattar det med "aktivitet" (sjå forslaget i under "saker til årsmøtet" i ein artikkel nedanfor.  Vedtak:  Hovudstyret, i samarbeid med BarneIdrett og forslagsstillar arbeider vidare med innhaldet og organisering av tilbodet til dei yngste (3-5 år, 6-8 år, 9-12 år, 13 og eldre).

Val: Else Margrethe Larsen held fram som leiar, med seg i AU får ho Karoline Bjerkeset og Kjellfrid Åsnes Gloppestad.  Du finn resten av dei tillitsvalde i artikkel nedanfor,

Under ymse-posten orienterte Øyvind Indrebø om arbeidet som han og resten av jubileumsbok-gruppa har gjort til no, vedr. jubileumsboka som laget ønskjer å gje ut i 2024.  Meir info vil bli på neste basar.

Dagfinn Nyhammer tok opp til diskusjon problemstillingane til å arrangere Svinestranda Opp i koronatidene som vi no har. Konklusjon: Vi prøver å følgje myndigheitene sine råd for slike arrangement, og avventar til 1. veka i mai, når nye råd vil kome.

Og etter to timar var eit annaleis årsmøte over...

  "Web-master" under det digitale årsmøtet 28/3-20 var leiaren Else Margrethe. I bakgrunnen avtroppande nestleiar Erling Sande.  Fotograf var Svein Hauge.  Resten av årsmøtelyden befann seg framfor kvar si datamaskin i sine heimar..


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.