God jul og godt nyttår!

Postet av Else Margrethe Larsen den 22. Des 2020

Då ynskjer eg alle medlemmane i Fjellhug/Vereide IL ei riktig god jul og eitt godt nyttår!

Takk til alle dei som stillar opp for eigne og andre sine barn og ungdom, slik at vi kan halde aktivitet i laget.

Ikkje minst har vi ei gruppe spreke pensjonistar som trenar jamleg. Imponerande!

Takk til styret og alle dei driftige folka som gjer ein innsats for Fjellhug/Vereide IL.


Til slutt vil eg takke sponsorane og støttespelarane våre, som bidreg til at vi kan halde aktiviteten oppe.


God jul og godt nyttår!


Helsing leiar

Else Margrethe Larsen


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.