Svinestranda Opp 2021

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 2. Apr 2021

Snø i januar, men med dei små mengdene som har vore i vinter, blir det fin løypetrasse i juni.  Biletet er frå Austrheimsstøylen, der vi tek mellomtider, har saftstasjon, og premieutdeling etter løpet.


I desse covid19-tider har ein vore litt tilbakeholdne med å promotere arrangement.  Pandemien har gjort det usikkert om arrangementa kan haldast.  No ser det truleg litt lysare ut for sommarsesongen, og ein kan byrje å planlegge.

Motbakkeløpet Svinestranda Opp på Sandane er terminfesta til søndag 20. juni, med start i sentrum, og mål på toppen av fjellet Svinestranda 1074 moh.

Mange av Noregs beste motbakkeløparar har gjennom åra delteke, m.a. Jon Tvedt, Øyvind Heiberg Sundby, Eli Anne Dvergsdal, Karoline Holsen Kyte, og fleire i Noregseliten.  Alle har hatt same tilbakemeldingar: "Dette er eit av dei finaste motbakkeløpa i Noreg".  Vi vel å tru at dette ikkje berre er høfligheitsfraser, men noko som kjem frå hjarta!

Svinestranda Opp finn du på mosjonfriidrett.no  (Norges Friidrettsforbund ), og opning for påmelding set vi til 13. april.  Vi håpar og trur at det ikkje vert avgrensing på tal løparar vi kan ha, men det er kanskje ein fordel å melde seg på tidleg? 


Påmelding: Norges Friidrettsforbund  (frå13. april)



Norges Friidrettsforbund


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.