KM terrengløp: Førebels på vent.

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Mai 2021


Det er vel somme som ventar på KM terrengløp.  

Førebels er der ingen signal på at deltakarar over 20 år får lov å konkurrere (covid-reglane), og dermed må vi berre skyve på KM-arrangementet.  Først hadde vi utsett det til 24. mai, deretter til 27. mai, men no vil vi ikkje setje nye datoar, før det er endeleg klart når det er opna for konkurrering igjen.

Vi annonserer det her, og med pressemelding i avisene, når vi får lov å ha KM terrengløp.  Tålmodigheita vert sett litt på prøve, men slik er det i desse tider....



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline