Flotte Gloppen-bedrifter er med oss!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 11. Jun 2021


Fjellhug/Vereide il er heldige å ha god støtte frå bedriftene i Gloppen!  

I samband med motbakkeløpet Svinestranda Opp og Gloppen Halvmaraton har vi sponsoravtale med 6 bedrifter/firma i Gloppen. Desse avtalane set vi stor pris på.  Vi ser på desse bedirftene som svært samfunnsinteresserte, der dei yter av sine midlar til verdifullt arbeid i lokalsamfunnet.   Gull verdt både for idretten og anna friviljug arbeid!

Frydenbø Bil held til på Dammen/Mona, og er spesialistar på Volvo.  I tillegg sel dei andre merke, og har stor og moderne verkstad.  I Volvo-bygda Gloppen vil du heile tida møte bilar på vegane som er handla hos Frydenbø!

BANO er ei forholdsvis ny bedrift i Gloppen, som også held til i Mona.   Baderomsmodular er det store produktet deira, der deira store mål er å gjere kvardagen lettare for pleietrengande og deira hjelparar. 

Accountor er store på rekneskap, og er ei bedrift som lenge har vore etablert i Gloppen.  Dei er ein stor arbeidsplass med mange og dyktige tilsette, som utfører rekneskapstenester, med tilhøyrande service.

Sparebanken Sogn og Fjordane er ein av dei større sjølvstendige sparebankane i Noreg.   Den er lokalisert i dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane, med unnatak av indre Sogn. Sparebanken er kjend for å yte svært mykje av overskotet sitt tilbake til gode formål i lokalsamfunna, noko som m.a. idrettslaga er svært takksame for!

Sogn og Fjordane Energi er ein stor aktør i kraftmarknaden, og lokalisert med hovudkontor på Sandane.  Dei er også ei bedrift som deler ut midlar frå overskotet sitt, og svært mange lag og organisasjonar har gjennom åra fått gode midlar til arbeidet sitt frå SFE.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.