Svinestranda Opp: Kart over start og mål

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Jun 2021

For dei som er ukjende med trasseen, kan eit kart hjelpe på.  Her finn du også ei kort løypebeskriving.

Starten går i Firdavegen (vegen som fører frå sentrum til Idrettsplassen). Løypa følgjer gangvegen langs FV615, kryssar denne ved Holvikelva, og held fram opp gjennom byggefeltet på Høgenausen, held fram gjennom undergangen under E39, og vidare over parkeringsplassen for Trivselsskogen. Kort etter parkeringsplassen passar ein på å springe stien rett fram, og ikkje svinge knapt til venstre. Då hamnar ein på TIN-campen. Heile løypa er sjølvsagt godt merka, men akkurat her var det i 2019 nokon uvedkomande som hadde flytta litt på merkinga...


Frå parkeringsplassen for Trivselsskogen følgjer løypa sagflislagt sti, til ein kryssar ein traktorveg.  Der byrjar første skikkelege stigning, og ein møter steintrapper laga av sherpaer frå Nepal oppover i bratthenget langs Holvikelva og -fossen.  Ver forsiktig i trappene, der er høgt utfor...  Eit stykke etter Holvikfossen kjem ein opp på vegen Engeset-Bjørndalen, og følgjer den, til ein tek av mot Gloppestadstøylen. Her er ekstra godt merka.  (Bilar som vil i retning arrangørområdet på Austrheimsstøylen, tek IKKJE av til Gloppestadstøylen, men køyrer nokre kilometer vidare innover). Løparane følgjer stien i overkant av Gloppestadstøylen fram til Austrheimsstøylen, der vi tek mellomtid.

Etter Austrheimsstøylen er det sti/rås innover mot Svinestranda, stien har slakk stigning i starten, men siste 1 - 1,5 kilometerane er det solid stigning.  

Heile trasseen er ca 7 km, og har ei oppstiging på ca 1070 m.

Der er 4 drikkestasjonar:  1) Når ein kjem opp på vegen Engeset-Bjørndalen,  2) Austrheimsstøylen,  3) I Grønebakkane, ca 1 km før toppen, og 4) på toppen (målgang)



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.