Premiering - Bedriftene er med

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 13. Sep 2021

Eit arrangement som Gloppen Halvmaraton må også ha premiering.  Den blir litt som den har vore dei åra vi har arrangert: Ein premie til alle klassevinnarane (kortreist produkt frå Påldtun m/fl) og diverse premiar som butikkane i Gloppen har gjeve oss. Desse blir trekte på tilfeldig på startnummer.

I dag har vi vore ein runde, og alle du ser i biletet over er sporty, og stiller opp.  Enno ønskjer vi nokre fleire premiar, så andre butikkar/bedrifter må gjerne ta kontakt, så skal logoen deira kome på trykk på heimesida vår og på Facebook!

Vi har alltid rosa næringslivet i Gloppen for å støtte idretten, slik også denne gongen.  Til gjengjeld bør vi støtte dei med lokal handel.  Det er VINN - VINN!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.