221 påmelde til NM Gloppen Halvmaraton

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Sep 2022

Velledalen il er i år representert med heile 17 deltakarar.  Her er tre som var med i fjor


Heile 221 løparar har innan påmeldingsfristen meldt sin ankomst til NM Gloppen Halvmaraton laurdag 1. oktober.

Dette er gledeleg mange, og som arrangør har vi nådd måltalet vårt på minst 200.  Det er framleis teknisk mogeleg å melde seg på, men startkontingenten stig etter kvart som tida for start nærmar seg, så vi trur nok at det ikkje vert så mange som kjem i tillegg til dei 221 som var noterte tirsdag kveld.

 Det blir eit kjempeflott arrangement, tenkjer vi, med eit mylder av folk langs FV615.  No står det berre igjen å krysse fingrar for "godt og tjeneleg ver"!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.