Drikkestasjonar/privat drikke

Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 25. Sep 2022

Drikkestasjonar under NM Gloppen Halvmaraton:
  • Arrangøren stiller med drikkestasjonar etter 7 km, 10,5 km (vending), 14 km og 19 km. Her blir det vatn og saft å velge mellom.
  • Privat drikke: Arrangøren tillet privat drikke på stasjonen ved 7/14 km. Dette må innleverast i merka flasker til arrangøren innan kl 12.00. Det vil bli plassert på eit eige bord i lave kassar, slik at det skal vere rimeleg enkelt å nå for løparen. Løparen er sjølv ansvarleg for slik merking at han finn flaska, og er sjølv ansvarleg for å ta den frå kassen/bordet. Vi merkar dette borde med ein gul plakat.
  • "Langing":  Langing av drikke undervegs er ikkje lov.  Ein ledsagar kan imidlertid sette ei drikkeflaske på stasjonen på Rygg (7/14 km) 10 sekund før løparen kjem fram til stasjonen.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.