Kurs i søknadsskriving?

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Jan 2015


Sparebankstiftinga arrangerer neste veke eit av våre kurs i søknadsskriving på Nordfjordeid. Tilbodet er gratis, og kurset på ca 3 timar skal gjere deltakarane betre rusta til å søkje om midlar frå både Sparebankstiftinga og dei mange andre stiftingane og støtteordningane her i landet. Kurset er utvikla spesielt med tanke på frivillige lag og foreiningar, men er òg relevant for mange andre som vil hente ekstern støtte.
Kurset går av stabelen på Bryggen Hotel torsdag 29. januar 2015 kl. 1800-2100. Påmelding til post@sparebankstiftinga.no (ingen frist, men atterhald om ledig plass – førstemann til mølla...).

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.