Skøytetrening for alle tysdag 10.mars kl.18.30

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 9. Mar 2015

Det vert skøytetrening på Kleivane i morgon, tysdag 10. mars. Tidspunkt: 18:30.

Lagsrenn på laurdag, og der inngår det sprint, og dermed kan det vere greitt å bruke ein kveld til på trening!

Den nye sprinttrasèen vil dermed bli testa under lagsrennet, noko dugnadskarane og skigruppa ser fram til.

Møt opp både vaksne og barn, på laurdag blir det full fres.....
Det hadde vore ekstra kjekt om foreldre, tanter,onklar.....hadde stilt opp og. Barna tykkjer det er kjekt å sjå dei vaksne utfolde seg litt og.
So i morgon tysdag er det høve for å teste seg litt...Vel møtt!!