Heiderspris til Anne Britt

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 22. Mar 2015




Anne Britt Henden vart tildelt Fjellhug/Vereide sin heiderspris 2014. Hennar innsats i skigruppa var først og fremst bakgrunn for tildelinga. Ho har i alle år, sidan ho kom inn i skigruppa i 2000, vore ein stødig administrator av renn på Kleivane og Utvikfjellet, der ho med myndig, men god tone har styrt påmeldingar og sekretariat. Ikkje alltid ein enkel jobb når foreldre til håpefulle skiløparar ikkje overheld tidsfristane som er sett for påmelding!


Anne Britt har sjølv vore aktiv i friidrett (kule og diskos) og i handball, og idrettsinteressa har vore stor, alltid. Det har også vorte nokre turar som lagleiar, først og fremst med eigne born, men også som sjåfør og støtte for andre.

Anne Britt høyrer til dei som gjer ein stor innsats for laget over tid, med eller utan eigne born som er med, og ho er såleis den typen tillitsvald som laga ønskjer å ha mange fleire av. Innsats over tid er ein nøkkel for vellykka organisasjonsarbeid!

Biletet: Prisvinnaren saman med avtroppande leiar i laget, Terje Gjengedal.





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.