Handball: Damelandslaget til Gloppen i juli!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Mai 2015



Damelandslaget legg sesongopninga til Trivselshallen på Sandane 20.-26. juli 2015
- Handballskule
- Seminar/fordrag
- Landskamp Norge - Russland - fredag 24. juli

Vi i arrangementskomiteen er klar til å starte detaljplanlegginga rundt denne "storhendinga" på Sandane i juli. Det vert ei veke der høgdepunkta står i kø, og informasjon vil kome i media og på nett etter kvart som ting vert endeleg "spikra".
Det som er klart allereie no, er at det vert eit stort behov for dugnadsarbeid. Både gjennom veka, og særskilt i samband med landskampen.
Dei lokale handballklubbane (GHK, STIL, Fj/V og Breimsbygda) er representert i arr.kom. og v...il få med seg dugnadsgjenger frå sine lag.
Vi ynskjer i tillegg å ha ein "dugnadsbank", der andre som vil bidra denne veka kan melde seg til tjeneste.
Vil DU hjelpe til? 

Les meir her


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.