Gloppen Halvmaraton - Gledeleg mange med!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 11. Okt 2015




16 løparar stilte på startstreken i Gloppen Halvmaraton i ettermiddag. Med tanke på at det er ein krevande distanse er vi som arrangør svært godt nøgde med deltakinga. Og skal ein tolke dei gode og hyggelege tilbakemeldingane i etterkant, bør vi kunne minst rekne med like mange neste år.

Sogndal, Eid, Olden og Florø var representerte, men som arrangør sakna vi dei mange lokale gloppe-løparane som vi veit trenar godt, og deltek på stemne andre stader. Desse bør vi ha med oss neste år!

Beste tid totalt var det ikkje uventa langdistansekongen Helge Hafsås, Olden som hadde. 1.18,25 er ei god tid for ein som stiller i MV45-49. Av dei tre kvinnene som stilte opp, var Karianne Bergheim, Sogndal den raskaste. Ho hadde tida 1.55,45 på dei 21 kilometerane, og med ei personleg rekordforbetring på om lag 6 minutt var det ei strålande nøgd sognedame som returnerte til fruktbygda.

Resultatlista finn du her: http://www.fjellhugvereide.no/blog/post/56885/glop...
Og litt bilete finn du her: http://www.fjellhugvereide.no/gallery/album?uid=11...




2 Kommentarer

Kommentarer

  • Fjellhug/Vereide IL

    Takk for korrigering, gjekk litt kjapt i svingane her, og dermed vart det lite kjapt for mr. Hafsås. Retta! Resultatlista var heldigvis rett.

    11 oktober 2015
  • Per Frode Kissner

    Helge sprang sikkert på 1.18,25 tenkjer eg, ikkje 2.18,25. Det er vel tida han brukar på heile maratonen😁😁

    11 oktober 2015

Logg inn for å skrive en kommentar.