Fjelltrimmen: Haugsvarden mest besøkt
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Nov 2017
Fjelltrimmen 2017
Nordstrandsfjella er framleis det mest attraktive trimtilbodet i Gloppen.
At 3.112 deltakarar har registrert seg 10.595 gonger på dei 6 trimpostane som Fjellhug/Vereide har, syner det.
Haugsvarden er den klart mest besøkte posten. For dei andre postane er heller ikkje så stor variasjonen frå år til år. Totalt 10.595 besøkande i 2017 mot i fjor 10.718 besøkande.
Poengsatsane er som før:
Haugsvarden 5 poeng 7.004 besøk (i fjor 7.233 besøk)
Svinestranda 5 poeng 1.250 besøk (i fjor 1.299 besøk)
Vetestova 4 poeng 595 besøk (i fjor 660 besøk)
Blånibba 5 poeng 978 besøk (i fjor 915 besøk)
Svarthammaren 4 poeng 361 besøk (i fjor 322 besøk)
Dunheia 6 poeng 407 besøk (i fjor.289 besøk)
170 personar har greidd krava for merke og statuett.
Krava er:
Opp til 60 år, 50 poeng
Over 60 år, 40 poeng
Under 10 år, 40 poeng
Magne Hauge har høgast poengsum i år, 2.181 poeng.
Heiderpris i år:
30 år fjelltrim – Reidar Føleide og Per Einar Andenæs
Ansvarleg for merke og statuettar: Trimutvalet v/Rune Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.