Kleivanerennet i morgon laurdag 3.mars
Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 2. Mar 2018
Då er vi palag klare til i morgon. Vi satsar på sol og fint veir, men det har vore kaldt her og siste dagane, so vi oppmodar alle å ta med rikeleg med kle.
Startlistene blir ikkje klare i kveld,so difor blir dei ikkje lagt ut. Starten går kl.12.00 med 30 sek intervall. Og vi startar med dei yngste. Det er kome inn vel 100 påmeldingar.
Det blir premieutdeling bra kjapt, etter at tidene er klare for kvar klasse. Og alle får!
Elles har vi kiosk med vaffle, kake, brus, kaffi, pølse m/brød osv.
Parkeringspengar kr 50.- (helst kontant, for dei som ikkje har årskort) blir kravd inn på Solheim.
Ynskjer alle vel møtt til ein kjekk dag på Kleivane skisenter.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellhug/Vereide IL - Ski
Årets siste karusellrenn
11.03.2020
Ny fin karusell kveld
02.03.2020
Telenorkarusell 2.
27.02.2020
Renn 2 i skikarusellen
26.02.2020
Flott kveld på Kleivane
25.02.2020
Karusellen tysdag
24.02.2020