Sparebankleikane 8. - 10. juni, med tidsskjema og RESULTAT
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 3. Mai 2018

Korrigert tidsskjema:
Resultat fortløpande:
TIDSSKJEMA:
Sparebankleikane i friidrett på Byrkjelo er eit tradisjonsstemne som alle friidrettsgruppene i Gloppen står bak. Stemnet er kanskje det største og viktigaste barnestemnet i friidrett i fylket, og arrangørane jobbar hardt for at det både skal vere eit kvalitetsstemne, og eit massemønstringsstemne for dei yngste.
I år har Fj/V 14 deltakarar med. Men på uttalelsane frå veldig mange av dei som var på friidrettsdagen for Nordstranda skule i går å dømme, hadde nok langt fleire lyst å vere med. Vi oppfordra dei til å seie frå heime slik at foreldra kunne melde dei på. Det kom nokon påmeldingar, men mange hadde kanskje gløymt det då dei kom heim?
Funksjonærlista er nesten klar, og tidsskjema kjem i kveld. Vi oppfordrar dei som vert spurde om å hjelpe til på stemnedagane til å seie ja når/dersom spørsmål hjelp kjem. Fjellhug/Vereide prøver å få til aktivitetar for dei yngste, og skal det lukkast må alle vere med å ta eit tak, også dei som kanskje ikkje har born med. Felles innsats er felles trivsel for alle! Er her nokon som etter å ha sett dette har høve å hjelpe til, er vi svært takksame for ein positiv telefon eller SMS!
Sparebanken Sogn og Fjordane har vore med oss i alle år, og støttar arrangørane med eit solid beløp til innkjøp av medaljer. Tusen takk til SSF for at dei er med!

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellhug/Vereide IL

Gloppetrim nr. 5, 22. mai
24.05.2024

Gloppetrim nr 3 og 4
15.05.2024

Gloppe-Trim nr. 2
02.05.2024

Gloppetrimmen er i gang igjen!
24.04.2024