Friidrettstreninga startar opp!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 12. Aug 2018


Vi startar opp friidrettstreninga igjen - og då inviterer vi deg til NM-arenaen Byrkjelo Stadion!

Idrettsplassen på Sandane er ueigna til friidrett for tida, og då er det eit veldig godt alternativ å ta seg ein kveldstur til Byrkjelo. Vi er imidlertid litt avhengige av at ein forelder eller to køyrer; det kjem litt an på oppmøtet.

Benytt sjansen til å trene friidrett på ein veldig god stadion - friidrett er "i skuddet" som aldri før no!

Sandane friidrett sitt bilde.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.