Gladmelding; Norgescupstatus for Svinestranda Opp!
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Jan 2020
Gledeleg melding frå Motbakkeutvalet i Norges Friidrettsforbund: Svinestranda Opp får NorgesCup-status i 2020!
Arrangementet er laurdag 20. juni, og vi hpar og trur at vi vil ha mange av dei beste motbakkeløparane på startstreken.
Eposten frå NFIF:
Løpa i Norsk Motbakkecup 2020 er no tildelt, og vi vil retta ei takk til alle som søkte om å få arrangera løp i årets norgescup.
Løpa er:
1) 20. juni - Svinestranda Opp http://www.fjellhugvereide.no/p/8037/svinestranda-opp, Fjellhauge/Vereid IL, Gloppen kommune
2) 11. juli - Kvasshovden Opp http://kvasshovdenopp.no/, Ulvik IL, Ulvik herad
3) 8. august - Folgefonna Opp http://uskedalil.no/ http://www.folgefonna-opp.no/, Uskedal IL, Kvinnherad
4) 29. august - NM Førde Opp https://fordeopp.no/, Førde IL, Sunnfjord kommune
5) 6. september - Rosendal NutenOpp https://www.rosendal-turnlag.no/ www.fjellstreif.no, Rosendal Turnlag, Kvinnherad
14n - (15l). november VM Lanzarote, Spania (n=normalt oppoverløp, l=langdistanse)
Vi ynskjer å gratulera dei som vart valde ut til å arrangera løp i cupen, samstundes som vi beklagar ovanfor dei som ikkje blei tildelt arrangement. Sjølvsagt skulle vi gjerne ha tildelt løp til alle, men det går diverre ikkje. Vi håpar difor at de vil søkja igjen ved seinare arrangementsutlysningar.
I og med at VM i år går veldig seint, vil serleg dei lengste og seinaste løpa i Norsk Motbakkecup bli vektlagde som uttaksløp.
Nytt av året er elles at Motbakkeløpsutvalet for konkurranseklassane i Norsk Motbakkecup anbefaler arrangørar om å gå vekk frå vektkravet på sekk og heller stiller krav til utstyr i sekken.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.