Innkalling til årsmøte i Fjellhug/Vereide IL på Gloppen hotel onsdag 26.mai kl 19:00 - årsmelding for 2020

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Mai 2021

Årsmøte for Fjellhug/Vereide IL har diverre vorte utsett ein gong, grunna korona-situasjonen.

Vi kallar no inn til årsmøte på Gloppen Hotel  onsdag 26.mai, kl 19

Det vert servert mat.

Vi sikrar at smittevernreglane vert overhaldne, så det skal vere trygt for alle å kome.

Er du sjuk må vi be deg om å vere heime.

Årsmelding, Organisasjonsplan, rekneskap med notar og budsjett for 2021 er vedlagt.

 Vedlegg:

Årsmelding 2020_210519.pdf

Fjellhug Vereide IL_Rekneskap-Notar-Revisjonsmelding_2020.pdf

Budsjettforslag 2021.pdf

Organisasjonsplan_revisjon 2021_210519.pdf


Sakliste

  1. Opning av årsmøtet 
  2. Godkjenning av dei røysteføre
  3. Val av møteleiar, sekretær og to til å skrive under møteboka
  4. Godkjenne innkalling, sakliste og møtereglar
  5. Årsmelding 2020
  6. Revidert rekneskap, revisormelding og melding frå kontrollutvalet 2020
  7. Kontingent og treningsavgift for 2021
  8. Organisasjonsplan 2021
  9. Budsjett 2021 
  10.  Val
  11.  Godkjenning av gruppestyra
  12.  Innkomne saker til årsmøtet
  13.  Open post

 

Velkomne!

Helsing styret i Fjellhug/Vereide IL


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.