Kategori
KM Terrengløp - Innbyding
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Mar 2022
Innbyding KM terrengløp 2022
Etter to års opphald har Fjellhug/Vereide Il igjen gleda av å inviterer til KM i terrengløp på Sandane.
Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (bark/grus), ei lettkupert løype, der ein runde er 1800 m. Det er ulike distansar alt etter klasse.
Dato og tidspunkt: Torsdag 28. april, kl 18.00.
Klassar og distansar:
- G/J 13 og 14 år: 600 m
- G/J 15 og 16 år: 1200 m
- G/J 17 og 18 år, menn/kv. junior (19 og yngre), KS, og MV65+: 1800 m
- Menn senior og MV35-MV60: 3600 m
Påmelding: Via nettet, frist 27. april kl 23.00 www.eqtiming.no | EQ Timing
Påmelding etter fristen, og inntil ein time før start: kr. 200,-
Startpengar:
* 13-14 år: kr. 60,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding etter fristen: tillegg kr. 40,-)
* 15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding etter fristen: tillegg kr. 100,-)
Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens (Sidan startpengane går opp for 15 og eldre til 200,- etter ordinær påmeldingsfrist, går også lisensen automatisk opp frå kr. 20,- til kr. 30,-)
* Betalast inn til kontonummer 3705 33 01917
Garderobar: Det er diverre ikkje garderobar ved løypa. Næraste er i Trivselshallen, som er ope til kl 21.00 (Firdahallen). Toalett i startområdet på Myra.
KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse
Parkering: Det er løyve til å køyre gang- og sykkelvegen opp til grusbana på Myra ved dette arrangementet.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.