Kategori
Støttespelarar for NM/Gloppen Halvmaraton 2022
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 19. Mai 2022
NM/Gloppen Halvmaraton 2022 har gleda av å presentere laget som hjelper Fjellhug/Vereide il med det store og flotte arrangementet vi skal ha i Gloppen 1. oktober.
Sparebanken Sogn og Fjordane er ein stor bidragsytar for frivilleg arbeid i Gloppen. Gjennom Sparebankstiftinga går titals millionar ut til gode formål.
SFE har truleg storparten av glopparane på kundelista, og er eit selskap som yter mykje tilbake i form av sponsorat og gåver til lokale organisasjonar.
Frydenbø Bil er lokalisert i Gloppen, og er først og fremst kjend for Volvo-modellane. Men fleire merke står på listene deira, f.eks el-bilen BYD Tang. Også Nissan og Maxus får du hos bilseljarane i Mona.
BANO er ei velrennomert bedrift, med hovudproduktet baderomsinstallasjonar for institusjonar. Det er ei kompetansebedrift, med spanande arbeidsplassar.
Accountor er eit stort rekneskapskonsern, med lokalt nærvær. Staben på Sandane tel mange tilsette, og er ein viktig arbeidsplass. Accountor tek på seg store og små oppdrag
NOMIL er nordfjordingane sitt renovasjonsselskap, som tek i mot alt du vil bli kvitt. Hovudmottaket er lokalisert i Eidsmona i Gloppen.
Olav Hjelmeset AS er største entreprenørfirmaet i Gloppen, og er Fjellhug/Vereide il sin hovudsponsor
Sande Settefisk as er lokalisert på Sørstranda. Dei er no inne i ein utviklingsfase, med m.a. bygging av store lokale ved settefiskanlegget på Rygg. I samarbeid med Hyen Fisk og Nordfjord Laks
Ramirent har vore med og hjelpt oss med arrangementet i fleire år.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.