Fjellhug/Vereide IL - Friidrett

Fjellhug/Vereide IL - Friidrett

Etter jr-NM: Fint overskot til Gloppen-laga

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Friidrett den 28. Des 2015

Junior-NM i friidrett var ein sportsleg suksess - med gode resultat, fleire rekordar, og god omtale i media og frå deltakarar og tilreisande.

Då er det også kjekt å sitje att med eit fint overskot til dei deltakande klubbane. For Fjellhug/Vereide il betyr det kr. 20 000 inn i klubbkassen no før jul.

For oss i friidrettsgruppa er det bra å kunne bidra slik at vi får inntekter til klubben, og her er vi som ved dei fleste arrangementa vi har avhengig av felles innsats på tvers av gruppene i laget. Vi seier tusen takk til alle som var med og jobba for at NM Jr. vart den sportslege og økonomiske suksessen det vart!


Vi får nok fleire arrangement utover der vi hentar hjelp på tvers av gruppene - større skiarrangement som Rypeskarrennet er eksempel på det. Og ikkje minst skal det arrangerast eit NM 19 år i volleyball i mars der Fjellhug/Vereide som ein av arrangørane vil bidra sterkt. På dei mindre stemna vil nok gruppene stort sett halde seg til gruppestyre og foreldre så langt dei kan, sjølv om det er , og bør vere, låge tersklar for å spørje alle medlemene i laget om hjelp.

Eitt av idrettslaget sine største nyttårs-ønskje må kunne vere at fleire kjem til gruppene og seier dei vil vere med å hjelpe til. Her er mange tilflytta som kanskje vi som leiarar ikkje veit om, eller tenkjer på, og det hadde vore kjekt om vi kunne få med oss fleire av desse. Ta kontakt! Gruppeleiarar og andre i grupppene finn du her: http://www.fjellhugvereide.no/p/4193/grupper


0 Kommentar

Halvmaraton på Sandane

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Friidrett den 5. Okt 2015




Fjellhug/Vereide IL prøver til att med ein halvmaraton også i år.

Fleire har etterspurt om vi ikkje også i år skal arrangere, og med ein fin haustsøndag i vente 11. oktober, kann det passe godt å sleppe løparane lause på 21.098 m.

Løypa har ein serdeles fin profil, der den går på FV 615 frå STIL-stova langs Sørstranda til litt forbi avkøyringa til Ivahola. I fjor hadde m.a. maratonkongen Helge Hafsås årsbeste, sjølv om veret var skikkeleg surt og kaldt.


Det er gode vermeldingar for helga, og her bør mosjonistar og andre nytte høvet til å få notert seg ei tid på denne distansen, som elles ikkje vert arrangert så ofte her i området.

Starten går kl 14.00, med førehandspåmelding til dagfinn.nyhammer@enivest.net, og elles med påmelding fram til ein time før start. Startpengar kr. 100,-. Legg gjerne påmeldinga di som ein kommentar til denne artikkelen


0 Kommentar

Utetreninga avslutta

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Friidrett den 15. Sep 2015

Friidrettsgruppa har avslutta utetreninga på Idrettsplassen for i år.

Når vi kjem over haustferien, vert det starta opp med innetrening i Trivselshallen, saman med STIL friidrett. Tidspunk vert det same som i fjor: tirsdagar kl 17.00. Dette kjem vi tilbake til seinare.

0 Kommentar

Treningstips - Bakkeintervallar

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Friidrett den 9. Sep 2015

Bilderesultat for kirsten marathon melkevik
Kristin Roset har henta nokre treningstips frå Kirsten Marathon Melkevik.

Kan vere nyttig for oss mindre proffe også, dette!


http://springerinne.blogg.no/1441698901_bakkeinter...




0 Kommentar

Even Nesgård (15) vann på Storehesten Opp!

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Friidrett den 24. Aug 2015



Even før start

Rapport frå Storehesten Opp 2015:

Even vant Storehesten (1209 moh.) opp i 15-17års klassen i helgens konkurranse 22. aug i Bygstad. Han startet kontrollert og lå lenge flere minutter bak lederen i sin klasse, men avslutningen var formidabel og han vant med nesten 2 min foran andremann i hans klasse. Even sprang for Fjellhug Vereide. Han fikk tida 1 time og 26 min som ble den 8.beste tida totalt!

Mine bilder: før start – helikopter over toppen på storehesten – klassevinnerne herre siden.

Eigil Instebø sprang for GFIL og kom på 3. plass med en meget sterk tid på 1.13 rett bak andreplassen.


Bilete: Klassevinnarane, Even Nesgård til venstre




0 Kommentar

Lagsmeisterskap

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Friidrett den 22. Aug 2015




Tirsdag 25. august, kl 18.00, vert det lagsmeisterskap i friidrett på Idrettsplassen. Påmelding frå kl 17.15. (Ver bra og ver påmelde innan kl 17.45 - då sluttar vi å notere..)

Øvingar: 60 m - lengde - 600 m.

Vi ser gjerne at det kjem foreldre og hjelper til!

0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline