Vi reiser på treningssamling i Ulsteinvik. Bli med!
Den 7. og 8. november inviterer friidrettskrinsane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane til treningssamling i Ulsteinhallen for utøvarar frå 12 år og oppover (med moglegheit for å sleppe til ivrige 11-åringar). Samlinga har fokus både på aktivitet og miljø, og kombinerer både rettleiing frå kompetente trenarar med teambuilding og sosialt samvær.
Fjellhug/Vereide, STIL og Brodd går saman om å sende ein liten delegasjon der vi samordnar både overnatting og skyss. Det vil vere gratis både å delta og å overnatte, så her er det berre å hive seg rundt.
Vi held av 5 hytter på Flø Feriesenter, og supplerer med fleire ved behov. Vi set pris på om nokre foreldre har lyst å reise med borna, men det går også fint om borna reiser aleine, så lenge vi klarer å ordne transport der alle får plass. Skulle heile familiar få lyst å reise, ordnar vi dette óg.
Påmeldingsfrist er 18. oktober, så ver om deg. Når du melder på, må du legge ut 150kr per deltakar sjølv. Last ned kvitteringa og send til faktura@fjellhugvereide.no saman med kontonummeret ditt. Då får du tilbakebetalt i løpet av kort tid.
Gi beskjed til dagfinn@fjellhugvereide.no om du har meldt deg på, og om du ønsker overnatting på Flø Feriesenter.
Innhaldet i samlinga:
Førebels er det sparsamt med informasjon tilgjengeleg om innhaldet, men vi tar utgangspunkt i avreise frå Gloppefjorden tidlegast klokka 08.00 på laurdag 8. november.
Store delar av laurdagen vil bli brukt i Ulsteinhallen. For 12 og 13-åringane blir programmet allsidig, og ein får prøve seg på mange ulike greiner. For dei som er 14år og eldre har ein høve til å velje kva øvingar ein ønsker å trene og få rettleiing i.
Sosialt laurdagskveld:
På ettermiddagen blir det felles middag for alle utøvarar og leiarar frå alle laga, før vår gjeng etter kvart vil trekke oss tilbake til Flø Feriesenter for vidare sosialisering og lagbygging der.
Søndag er det ny økt i Ulsteinhallen, og vi avsluttar og reiser heim truleg rundt kl. 14-15.
Påmeldingsfrist er 18. oktober, så ver om deg. Når du melder på, må du legge ut 150kr per deltakar sjølv. Last ned kvitteringa og send til faktura@fjellhugvereide.no saman med kontonummeret ditt. Då får du tilbakebetalt i løpet av kort tid.
Gi beskjed til dagfinn@fjellhugvereide.no om du har meldt deg på, og om du ønsker overnatting på Flø Feriesenter.