Den gode opplevinga langs fjorden
Gloppen Halvmaraton
3. oktober 2026
Fjellhug/Vereide il inviterer til Gloppen Halvmaraton.
Også i år er halvmaratondistansen eit KM (krinsmeisterskap) for Sogn og Fjordane FIK. Still som løpar eller rullestolpiggar. Vel mellom 10 km og halvmaraton.
Start klokka 14.00, med mogelegheit å starte kl 13.15 for dei som brukar lengst tid på halvmaraton.
I år kan du bestille løpsskjorte når du melder deg på. Merk at frist for bestilling er ca to veker før løpsdato.
Du kan også bestille middag på Gloppen Hotell etter løpet. Subsidiert pris - nytt sjansen! (max 50 personar)
Olav Hjelmeset AS
•
Påldtun
•
Wattn
•
SFE
•
Frydenbø Bilsenter
•
Olav Hjelmeset AS • Påldtun • Wattn • SFE • Frydenbø Bilsenter •
Sponsorar av Gloppen Halvmaraton
med berre
16 meter høgdeskilnad, ligg du godt an til ei god tid!
Det du lurer på
-
Løypa startar i år i Sandane sentrum (pga uferdig rehabilitering av Idrettsplassen). Ein spring gjennom Sandane sentrum, og vidare på FV615 langs sørsida av Gloppefjorden, med vendepunkt ca 3 km forbi Sande. Same veg tilbake til mål. Lågaste punkt i løypa er 2 moh, høgste punkt er 18 moh. Underlaget er asfalt.
Endring av løypa i år medfører ikkje endring i løypelengd, som er kontrollmålt.
-
Fram til 26. september:
Halvmaraton: 350kr
10km: 250krFrå 27. september:
Halvmaraton: 500kr
10km: 350k -
Du finn link på denne sida til EQ timing. Påmeldinga skjer via denne sida.
-
Drikkestasjonar Halvmaraton : 3/19 km - 6,5/14,5 km - 9/12 km. Drikke: Saft/vatn.
Drikkestasjon 10 km: 3/7 km
-
Ja, du finn garderobar og dusj 200m frå startområdet, i Trivselshallen. Desse er opne frå klokka 11.00. Toalett finn du like ved start i STIL-stova.
-
Om du reknar med å bruke 2 timar eller meir, er det fint å starte i første pulje klokka 13.15. Alle andre melder seg på i pulje 2, med start kl 14.00.
-
Vi gjer vårt beste for at du skal vere trygg, og plasserer løypevakter på ulike stadar i løypetraseen. Delar av traseen er stengd for biltrafikk under løpet (0 - 7,5 km og 13,5 – 18 km ).
-
Parkeringsplassar er det nok av på Sandane! Parker ved Trivselshallen, Gloppen ungdomsskule eller i Sandane Sentrum.
-
Henting av startnummer frå kl. 11.00 i resepsjonen på heradshuset i sentrum
Det er kiosk i arrangementsområdet
Premieutdeling er frå ca. 16.00. Vi premierer dei 3 beste i kvar klasse i halvmaraton, og vinnarane på 10 km, Fine premiar som blir uttrekt på startnummer.
Du kan delta på ei sosial samling på Gloppen hotell etter løpet. Prisen på middag er 295kr - godt subsidiert av våre gode sponsorar.
Vi anbefalar overnatting i Påldtun sine fantastiske hytter, eller på Gloppen Hotell. Elles finn du fleire tilbydarar av AirBnb-leiligheiter og campingplassar.
Takk til alle som bidrar
Gloppen Halvmaraton er drive på dugnad av Fjellhug/Vereide, og vi er heilt avhengige av at folk stiller opp og bidrar. Tusen takk til alle som viar tida si til å hjelpe oss til eit godt arrangment.
Olav Hjelmeset AS
•
Påldtun
•
Wattn
•
SFE
•
Frydenbø Bilsenter
•
Olav Hjelmeset AS • Påldtun • Wattn • SFE • Frydenbø Bilsenter •
Sponsorar av Gloppen Halvmaraton