
Drikkestasjonar under NM Gloppen Halvmaraton:
Arrangøren stiller med drikkestasjonar etter 7 km, 10,5 km (vending), 14 km og 19 km. Her blir det vatn og saft å velge mellom.
Privat drikke: Arrangøren tillet privat drikke på stasjonen ved 7/14 km. Dette må innleverast i merka flasker til arrangøren innan kl 12.00. Det vil bli plassert på eit eige bord i lave kassar, slik at det skal vere rimeleg enkelt å nå for løparen. Løparen er sjølv ansvarleg for slik merking at han finn flaska, og er sjølv ansvarleg for å ta den frå kassen/bordet. Vi merkar dette borde med ein gul plakat.