KM Terrengløp 2023 - INNBYDING

Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 20. Mar 2023

Frå terrengløp for born på Myra i april 2022

Innbyding KM terrengløp 2023

 

Fjellhug/Vereide Il inviterer igjen til KM i terrengløp på Sandane.  

Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (bark/grus), ei lettkupert løype, der ein full  runde er 1800 m. Det er ulike distansar alt etter klasse.

Dato og tidspunkt:      Søndag 16. april, kl 15.00. 

Klassar og distansar:

- G/J 13 og 14 år:                     600 m

- G/J 15 og 16 år:                     1200 m

- G/J 17 og 18 år, Menn/kvinner junior (19 og yngre), KS og MV65+:  1800 m (1. runde)

- Menn senior og MV35-MV60:  3600 m (2 heile rundar)

Påmelding: Via nettet på EQ Timing

Påmelding etter fristen, og inntil ein time før start: Tillegskontingent: kr. 100

Startpengar:

* 13-14 år: kr. 60,- 

* 15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding etter fristen: tillegg kr. 100,-)

Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens (Sidan startpengane går opp for 15 og eldre til 200,- etter ordinær påmeldingsfrist, går også lisensen automatisk opp frå kr. 20,- til kr. 30,-)

* Startpengar blir automatisk trekt frå konto ved påmelding (kontonr. arrangør: 3705.33.01917)

 

Garderobar: Det er diverre ikkje garderobar ved løypa.  Næraste er i Trivselshallen, open til kl 17.00.  Toalett i startområdet.

KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse 

Parkering: Kommunen har gjeve løyve til parkering på grusbana på Myra. Det kan også parkerast ved kunsgrasbana, eller på dei kommunale vegane i nærleiken av Myra.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.