KM i terrengløp med godt og vel 20 deltakarar

Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 16. Apr 2023

Åsmund, Eivind og Håvard var uslåelege i Åsen-løypene


Eivind Øygard, Jølster il var krinsmeister for seniorar i årets KM i terrengløp. Nest beste tid hadde jølstringen Åsmund Førde, medan Jølster il også hadde tredjeplassen ved Håvard Klakegg.  Sterk innsats av dei grønkledde!

Elles merka vi oss eit godt løp av amanda Rørvik frå Førde il.  Ho er 15 år, sprang ein distanse på 1200 m, og hadde sluttida 4.10. jenny Bjørkhaug, også frå Førde, vann 16-årsklassa for jenter,


Resultatlista finn du  her:  KM Terrengløp 2023 III.xls

Veteranar med medaljer, f.v. Anders Bjørkhaug, Jan Sunde, Jan Erik Roset, Kjell Olav Førde, Kjell Øygard, Osmund Hjelle og Egil Holvik


Dei 3 jentene som var med: Ida Susanne Supphellen, Amanda Rørvik og Jenny Bjørkhaug

Vebjørn Orheim Mundal

Nestoren frå Jølster; Johnny Solheimsnes

Inge Asbjørn Haugen og Magnar Holvik

Anton Tveito, Jølster

Huseyin Turkoglu er nyleg komen til Gloppen, og han og familien er ivrig deltakarar på det som går føre seg i Gloppensamfunnet.  I dag var Huseyin med på KM terrengløp, og var belønna med gull!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.