Gloppen Halvmaraton 2024 - INNBYDING

Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 20. Des 2023

-
timer
-
minutter
-
sekunder

Innbyding til Gloppen Halvmaraton


Fjellhug/Vereide il innbyr til Gloppen Halvmaraton 2024

 

Dato:                             Laurdag 5. oktober 2024

Start:                            Kl 14.00, med mogelegheit å starte kl 13.00 for dei som brukar lengst tid på distansen. Reknar du med å bruke omlag 2 timar eller meir, vel du pulje 1 (start kl 13). Alle andre vel pulje 2 (start kl 14).  Vi reserverer 50 startnr til pulje 1. 

Distansar:                      

  • Halvmaraton (Start to puljer; slutt-tid over og under to timar)
  • 10 km konkurranseklasse
  •  10 km rullestolpigging 

Start/Mål:                            Ved Idrettsplassen i Sandane sentrum

Henting av startnr.:            Frå kl 11.00, STIL-stova,ved Idrettsplassen (inngang frå idrettsbana)

Løypetrasse:               Start ved Idrettsplassen i Firdavegen. Vidare på FV615 langs Gloppefjorden, med vendepunkt halvmaraton ca 3 km forbi Sande.  Same veg tilbake til mål.  Lågaste punkt i løypa 2 moh, høgste punkt 18 moh.  Underlag: Asfalt.  Deler av løypetrasseen er stengd for biltrafikk under løpet (0-3 km, 3-7,5 km og 13,5 – 18 km )  10-kilometern har vending på Gimmestad, etter 5 km.

Drikkestasjonar Halvmaraton :  3/19 km - 6,5/14,5 km - 9/12 km.  Drikke:  Saft/vatn.

Drikkestasjon 10 km:             3/7 km

Garderobar/Dusj/Toalett: Trivselshallen. Toalett også i STIL-stova ved Idrettsplassen. Ope frå kl  11.00

Kiosk:                                 I arrangementsområdet

Parkering:                          Ved Firda vgs, Trivselshallen, Gloppen Ungdomsskule, Sandane sentrum

Startkontingent:               Halvmaratonkr. 350,- ved påmelding innan 30. sept kl 24.    Kr. 500,- ved seinare påmelding.  10 km: Startpengar kr. 250,- (350,-).

Påmelding:                        EQtiming. Ordinær påmeldingskontingent fram til 31. sept, deretter tillegg på kr. 150,- fram til fredag 4. okt. kl 22.00.

Premieutdeling:               Ca kl KL 16.30, på Gloppen Hotell.  Premie til dei tre beste i kvar klasse.  Ein del premiar   uttrakte på  startnr.  KM-medlajer til dei tre beste i kvar klasse frå Sogn og Fjordane (påmelde frå registrerte friidrettslag)

Link påmelding EQ-timing: Gloppen Halvmaraton 2024 (eqtiming.com)

Etter arrangementet:               Premieutdeling blir på Gloppen Hotell. 

Vi vil også ha ei enkel, sosial samling for løparar og funksjonærar på hotellet, der ein kan få servert biffgryte, ++, til ein rimeleg pris.  Dette må bestillast ved påmelding til løpet, seinast laurdag 29. september.  Sjå påmeldinga i EQ Timing.

Overnatting:                    Gloppen Hotell,  Gloppen Camping og fritidssenter, Reed Camping,  div. utleigehytter, Thon Hotel (Skei i Jølster) 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.