Gloppen Halvmaraton 2025 - INNBYDING
Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 17. Mar 2025
Gloppen Halvmaraton 2025
Innbyding til Gloppen Halvmaraton
Fjellhug/Vereide il innbyr til Gloppen Halvmaraton 2025, med innlagt 10 km, og 10/21 km rullestolpigging
Årets 1/2-maraton er også KM for Sogn og Fjordane
(Dei som vil delta på krinsmeisterskapen må melde seg på under ein klubb som er registrert i Sogn og Fjordane Friidrettskrins)
Dato: Laurdag 4. oktober 2025
Start: Kl 14.00, med mogelegheit å starte kl 13.00 for dei som brukar lengst tid på halvmaraton. Reknar du med å bruke omlag 2 timar eller meir, vel du pulje 1 (start kl 13). Alle andre vel pulje 2 (start kl 14). Vi reserverer 100 startnr til pulje 1.
OGSÅ I ÅR: - Klasse for rullestol-pigging. Distanse: 10 km og 1/2-maraton.
- OG: - Konkurranseklasse 10 km.
Startstad: Ved Idrettsplassen i Sandane sentrum
Henting av startnr.: Frå kl 11.00, ved Idrettsplassen
Løypetrassen Halvmaraton: Start ved Idrettsplassen i Firdavegen, vidare på FV615 langs Gloppefjorden, med vendepunkt ca 3 km forbi Sande. Same veg tilbake til mål. Lågaste punkt i løypa er 2 moh, høgste punkt er 18 moh. Underlag: Asfalt. Deler av løypetrasseen er stengd for biltrafikk under løpet (0-3 km, 3-7,5 km og 13,5 – 18 km )
Løypetrasse 10 km: Start og mål som Halvmaraton, men vending etter 5 km (på Arnestad)
Drikkestasjonar Halvmaraton : 3/19 km - 6,5/14,5 km - 9/12 km. Drikke: Saft/vatn.
Drikkestasjon 10 km: 3/7 km
Garderobar/Dusj/Toalett: Trivselshallen. Toalett også i STIL-stova ved Idrettsplassen. Ope frå kl 11.00
Kiosk: I arrangementsområdet
Parkering: Ved Firda vgs, Trivselshallen, Gloppen Ungdomsskule, Sandane sentrum
Startkontingent: kr. 350,- ved påmelding innan 29. sept kl 23.59. Kr. 500,- ved seinare påmelding.
10 km: 250,-/350,-
Påmelding: EQtiming. Ordinær påmeldingskontingent fram til 29. sept, deretter tillegg på kr. 150,-/100,-.
Premieutdeling: Ca kl 16.30. Premie til dei tre beste i kvar klasse. Ein del premiar uttrakte på startnr.
Middag etter løpet: Vil du vere med på ein sosial middag på Gloppen Hotell etter løpet, bestiller du når du melder på. Subsidiert av arrangøren; deltakarprisen er kr 295,-.
Link påmelding EQ-timing: Gloppen Halvmaraton 2025
Overnatting: Gloppen Hotell, Gloppen Camping og fritidssenter, Reed Camping, div. utleigehytter, Thon Hotel (Skei i Jølster)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.