Friidretten startar opp utetreninga
Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 3. Mai 2025
Det er på tide å starte opp att med utetreningane i friidrett!
Komande tysdag, 6. mai kl 18.00, startar vi opp på løpebana på Vereide. Vi håpar på godt oppmøte. Blir det mange som møter opp, legg det eit godt grunnlag for å ha treninga vidare framover til skuleferien.
Det blir springing, hopping, spenst, motbakkeintervallar og anna vi kan få til i området på, og i nærleiken av løpebana. Av og til greier vi sikkert å ordne noko snop, brus eller frukt, utan at vi vil love det kvar gong. Treninga er det viktigaste.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.