KM Terrengløp
Arrangør:
Fjellhug/Vereide IL
Tid
Innbydinga til KM Terrengløp - 2. runde i Nordfjordkarusellen
Fjellhug/Vereide Il inviterer til KM i terrengløp på Sandane. Dette er også samstundes 2. runde i Nordfjordkarusellen.
Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (barkeløypa), ei lettkupert løype, der ein runde er 1800 m. Det er ulike distansar alt etter klasse.
Dato og tidspunkt: Søndag 15. april. Hovudstart er kl 15.00. Det vert eit miniløp for born før KM-distansane.
Klassar og distansar:
G/J 13 og 14 år: 600 m
G/J 15 og 16 år: 1200 m
G/J 17 og 18 år, menn junior, og kvinner jr/sen/vet: 1800 m
Menn sen/vet: 3600 m
Påmelding: Helst på førehand, innan fredag, på epost til dagfinn.nyhammer@enivest.net . Også påmelding fram til 1 time før start, mot ei tilleggsavgift. Sjå elles her: http://mosjon.friidrett.no/
Startpengar:
13-14 år: kr. 60,- (ikkje eingongslisens i desse klassane)
15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding same dag: kr. 30,- i tillegg. Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens)
Betalast inn til kontonummer 3705 33 01917
Garderobar: Det er diverre ikkje garderobar ved løypa. Næraste er i Trivselshallen (Firdahallen), der ein får nytte garderobar og toalett. Evt. også i garderobane ved Kunstgrasbana.
KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse, og uttrekking av gåvekort i Nordfjordkarusellen.
Miniløp
Vi arrangerer også eit mini-terrengløp for born 12 år og yngre. Korte distansar for dei aller yngste, og ca 400 m for 8-12 år. Dette startar kl 14.30, og påmeldingane må vere gjort før kl 14.00.
Startpengar: kr. 40,-
Administratorer
Dagfinn Kaspar Nyhammer
Mobil
41227968
E-post: dagfinn.nyhammer@enivest.net
Kommentarer
Du må logge inn for å poste i veggen.