Svinestranda Opp (motbakkeløp m/ NorgesCup-status
Arrangør:
Fjellhug/Vereide IL
Tid
Sted
SVINESTRANDA OPP 2020
Fjellhug/Vereide il inviterer til Svinestranda Opp 2020. Arr.dato: Laurdag 20. juni, med hovudstart kl 12.00, i Sandane sentrum.
Mål for alle er toppen av fjellet Svinestranda, 1074 m.o.h., distansen er ca 7 km lang.
Praktisk info:
- Konkurranseklassen: Alle som startar frå Sandane skal ha ryggsekk som skal innhalde: Vindjakke, bukse, tørr super, hue, hanskar, drikkeflaske og energibar/banan (arrangør tek stikkprøvar på toppen) Ikkje krav til vekt.
- Startkontingent kr. 300 for hovudløpet, kr. 100,- for dei som er under 15 år, og kr. 50,- for mosjonistar/trimmarar utan tidtaking.
- Påmelding etter frist: Konkurranseklassane kr 100 i tillegg
- Kontonummer: 3705.33.01917
- Start 14 år og yngre er på Austrheimsstøylen, og starten går kl 12.00
- Start for M/K veteran 60 år og eldre går frå Sandane sentrum kl 11.30
- Start elles er kl 12.00 frå Sandane sentrum
- Mosjonistar har tre alternativ: A) Frå Sandane til Austrheimsstøylen eller toppen. B) Starte på Austrheimsstøylen og gå til toppen. C) Parkere på Kleivane og gå til Austrheimsstøylen, evt. til toppen. Alle mosjonistar registrerer seg på Austrheims-støylen, - enten ved passering eller start.
- Premieutdeling ca kl 15.00, på Austrheimsstøylen
- Etter løpet/premieutdelinga vert det køyrt bilar ned att frå Austrheimsstøylen
- Premiering
- Sjekk kr. 4000 til vinnar i dame og herreklassen
- Sjekk kr. 1000 til nr. 2
- Sjekk kr. 500 til nr. 3 og 4
- Premiering for løyperekordar
- Trekking av ein premie på kr. 1000,-. Vilkår: vinnaren MÅ vere tilstades.
- Påmeldingsfrist elektronisk: tysdag 16.juni kl 23.59 - , via nettet . https://mosjon.friidrett.no/participant/arrangement.aspx?id=302724#init
- Påmeldingar manuelt kan også gjerast fram til 1 time før start mot tilleggsavgift kr. 100,-. Hugs årslisens, eller eingongslisens (kr. 40,-)
- Kontaktpersonar: Dagfinn Nyhammer 41227968
Fjellhug/Vereide IL
Kommentarer
Du må logge inn for å poste i veggen.