vi har starta nytt fjelløp!
Nordfjordryggen!
maks 300
Trivselsskogen og idrettslaga i Gloppen inviterer til ei helg fylt med aktivitet, naturopplevingar og fellesskap i Trivselsskogen og på fjellet helga 11.-12. september!
Løypa er 30km, 1000 høgdemeter, og går frå Utvikfjellet, via Snøfjellet, Dunheia, Blånibba, Svinestranda, Svarthammaren og Haugsvarden, før den returnerer til Sandane sentrum.
Vi har sett grense på 300 deltakarar i konkurranseklassa, så det gjeld å melde seg på tidleg. I april er det under 100 plassar igjen.
TIDSPLAN
Fredag 11. september - TIN-camp i Trivselsskogen
17.00 - 19.00: Bål, grilling, kos og musikk i TIN-camp. Ta med bålmat sjølv.
19.30: Informasjon om løpet
21.00: Avslutning
Lørdag 12. september
07.00: Oppmøte Sandane Rutebilstasjon for å komme med buss til Utvikfjellet
08.00 - 12.00: Start for dei som vil gå tur
10.00 Start for konkurranseklasse
ca 13.00: Målgang Heradsplassen, Sandane
Blir du med ?