2 tap med godt humør!

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Volleyball den 1. Feb 2015







Fjellhug Vereide sitt damelag i volleyball var laurdag 31.januar i Naustdal og spelte kampar.
Vi har nettopp byrja spele system med ein løpande oppleggjar (ein-oppleggjar) og dette skulle vi teste ut i kamp for fyrste gong.
Vi spelar i divisjon med Studentspretten, Sunnfjord FHS og Førde 2.
Denne dagen møtte vi eit litt redusert Sunnfjord-lag og eit godt Førde-lag. Vi har ikkje slått desse laga tidlegare denne sesongen.
I nye, flotte drakter sponsa av IEEE møtte vi Sunnfjord fyrst og tapte 3-0 (25-17, 25-13, 25-15), men vi fekk til ein del godt spel, hadde gode mottak og var eigentleg godt nøgde med kampen.
Mot Førde vart det veldig spennande. Førde tok 1.sett enkelt, men so vann vi 2. og 3.sett. Her spelte vi det beste vi har gjort i år. Birthe Eilander og Ingrid Johansen hadde mange gode angrep på midten. Men no minka det på kreftene våre - og vi tapte dei to siste setta, kanskje ikkje so rart etter 8 sett på rad. Det vart 2-3 seier til Førde 2 (11-25, 25-23, 25-23, 17-25, 10-15).
Neste gong tar vi dei :)

Ragnhild

På bildet: bak frå venstre Mariann Johansen, Bodil Reed Hammersland, Ingrid Johansen, Anna Buene, Birthe Cintha Eilander, Ingeborg Raftevold og trenar Terje Raftevold
Framme frå venstre Sarah-Helen Fuglestrand, Malin Stubhaug, Gunhild Opdal og Ragnhild Gimmestad


6 Kommentarer