Breimstafetten 2026

Breimningane er heldige med veret. Akkurat på Breimstafettdagen vart det sol og lettskya, litt nordavind, og rundt 10 grader. Dermed vart denne stafetten ein suksess i den lange rekka med Breimstafettar.

Frå Sandane-området stilte vi med 2 STIL-lag for gutar, 1 Gloppefjorden gutelag, og 3 Gloppefjorden jentelag.

Gloppefjorden 1 jenter leverte kjempeinnsats, og vart nr. 2 bak Gaular/Dale, og slo Hareid på målstreken i kampen om denne 2.-plassen. Dei to andre laga gjorde også flott figur; å bli nr 6 og 7 av elleve lag, er glimrande.

I guteklassen vann Førde, framfor STIL 1, og Sogndal. STIL 2 vart nr. 5, medan Gloppefjorden vart nr 7.

Veldig bra innsats av desse laga, og alle var godt nøgde. Ekstra stas, i tillegg til fin pokal og medaljar på Gloppefjorden 1, var juice og is før dei reiste frå Breim.

Next
Next

stilte med 3 lag på oldenstaffetten