stilte med 3 lag på oldenstaffetten
Den 19. april gjekk den 70. Oldenstafetten av stabelen. Laga rundt Gloppefjorden stilte med 3 lag på stafetten; to gutelag og eitt jentelag. Gutelaget med STIL på ryggen vant, medan det unge Fjellhug/Vereide-laget blei nummer 3, vel eitt minutt bak STIL.
Jentelaget var ei blanding av 11 og 12 år gamle jenter frå rundt heile fjorden, og fekk det passande namnet Gloppefjorden. Dei blei berre slått av Tambarskjelvar, og var godt nøgde med eigen innsats.
Om to veker er det tid for Breimstafett, og vi har planar om å stille Gloppefjordlag for både gutar og jenter der også. Er du gira på å vere med, kan du sende ein e-post til dagfinn@fjellhugvereide.no.