Myraløpet
🌟 Velkommen til første Myraløpet 2026! 🌟
Oppmøte i Barkeløypa/Myra i Åsen.
Første start kl 17:30. I utgangspunktet startar vi med dei yngste og så fortset vi vidare oppover i alder. Vi tjuvstartar med Gutar 10 år (født 2016) kl 1700, slik at dei kan gå rett på fotballtrening etterpå. Jenter 10 og 11 år blir kl 1810, slik at dei kan komme bort rett etter fotballtrening.
Utdeling av startnummer frå kl 1700. Dei som er påmeldt før kl 1600 og er 9 år eller yngre, kan berre hente seg eit startnummer. Dei som er påmeldt før kl 1600 og er 10 år eller eldre, skal ha eit gitt startnummer, så dei må be om å få sitt startnummer. Dei som melder seg på etter kl 1600 må vi skrive opp manuelt.
⛔️ Ingen parkering på Myra!⛔️
Om du vil hjelpe til, så ta kontakt eller møt opp kl 1645
Påmelding kostar 40,- pr løp. Helst innan kl.22 kvelden før (men alle får vere med). Påmelding etter kl 1600 koster 50,-.
Alle får ein liten premie! Hovedpremie etter siste løp i serien.
9 år og yngre: løype på ca 250 m. 10 år og eldre: løype på ca 550 m. Set deg inn i løypa og varm opp før løpet startar. Vi heng opp løypekart, og det vert ikkje felles gjennomgang. Løypene er merka. Dette er arrangert i samarbeid mellom Fjellhug/Vereide IL , Brodd IL og STIL.
Velkomen!